Program Laurdag 3. sept

"Anger, bot og betring" med Finn Tokvam og Twang Gang 

Laurdag 3. sept kl. 15:30 i Gamlekinoen 

«Anger bot og betring» med Finn Tokvam og Twan Gang

Countrysladder med Finn Tokvam og Twang Gang har blitt ein tradisjon på festivalen. For to år sidan kom dei med førestillinga «Hest, fest og heimlengt», og i 2021 «Sur vin og søt kjærleik». Dette året er tema «Anger, bot og betring», med mellom anna Voss Spelemannslag som gjesteartistar. I tillegg kjem The Vossa Rebels innom som gjester (kanskje for å bidra til betringa).

Finn Tokvam - vokal, dans og perkusjon                                                      Erlend Styve - Vokal og gitar                                                                            Jan-Eirik Gullbrå - kontrabass og vokal                                                        Bjørne Møen - trommer og vokal

TOVE BØYGARD BAND  

Gamlekinoen kl. 19:00 

Tove Bøygard er ein særmerkt artist som har bak seg sju plateutgjevingar - tre saman med søstera Anita i bandet Bøygard. I 2010 kom soloplata Tove Bøygard, og i 2017 kom Blåe Drag, i 2019 Jord og i 2021 Eld. Det kjem ikkje som noka overrasking at alle platene har hausta flust med superlativ i pressa.

Tove vaks opp på eit lite småbruk øvst i Votndalen i Ål i Hallingdal, i ei lita grend som heiter Skrindo. Allereie som åtteåring skreiv  Tove si første vise - om fråflytting frå bygdene. Samfunnsengasjementet til Tove Bøygard har manifestert seg på så mange vis og går som ein raud tråd gjennom kunstnarskapen. Musikalsk dreg ho vekslar på så vel country som rock, folk og viser.


Tove Bøygard - vokal og gitar                    Freddy Holm - gitar og vokal                    Jørund Bøgeberg - bass og vokal              Eivind Kløverød - trommer

JOHAN BERGGREN OG TRØGSTAD MUSIKKOMPANI 

Gamlekinoen kl. 21:30 

Johan Berggren er eit av dei nye spennande namna innan americanasjangeren i Norge. Tekstane er historiar i beste countrytradisjon, kvardagstekstar med både ein litterær vri og ei lyrisk nerve, og med bandet Trøgstad Musikkompani, er det berre å setja seg ned og nyta musikken.


Johan Berggren har gitt ut tre plater, For Now I'm Good Right Here (2018), Lilyhamericana (2020) og Ei hytte foran loven (2021). For dei to siste platene vart han nominert til Spellemann i klassen country, og i år fekk han Fjordingprisen for årets nykomar under utdelinga i Halden.


Johan Berggren - gitar og vokal                   Mats Raknerud - elgitar og pedal steel Christoffer Karlsrud Dahl - bass                Kristian Aadalen - trommer                       Ingvald Holmen Minge - tangentar 

BENEDICTE BRÆNDEN MED BAND 

Gamlekinoen kl. 23:30 
 

Benedicte Brænden frå Elverum leverer ein eineståande mix av mørk country og americana med eit hint av rockabilly. I oktober slepper ho sitt tredje studioalbum, "Raging River".

I april var ho i California og spelte på Stagecoach, ein av dei største countryfestivalane i verda, der ho var handplukka til å spela ein eigen showcase.

Benedicte vart fyrst lagt merke til som vokalist i rockebandet Bazooka Boppers, men mange vil nok hugsa henne best frå NRK-serien "Lyden av lørdag" der ho i 2007 var ein av 6 finalistar side om side med blant andre Ida Jenshus.

Ho debuterte som soloartist i 2012 med albumet "Doghouse Rose" og fylgde 5 år seinare opp med den kritikarroste andreplata "Blood on your hands".

Med gitarist Nikolai Grasaasen og eit hardtslåande band i ryggen, garanterer Benedicte Brænden for ei forrykande avslutning av denne festivalkvelden.

The Vossa Rebels 

Teltet kl.20:30 og kl.23:00 

Bandet har hatt fleire spelejobbar rundt om i landet på klubbar og festivalar som Tysnesfest, Skånevik Bluesfestival, Dark Season Blues på Svalbard, Rockabilly Rumble, Øyanatt, og mykje meir! Bandet har fått eit godt rykte i Rockabilly-miljøet og har vore å sjå på fjernsyn fleire gonger.

Hausten 2010 byrja tre unge karar band. Dei fann fort ut at det var rockabilly dei ville legge sjela si i. No er karane 18-21 år, og dei rockar hardare enn nokon gong!

I 2016 sleppte bandet debut-albumet Bedop! I 2020 kom oppfølgjaren More! Set på musikken deira og skru opp! Kul og autentisk rockabilly spelt av ungdom med den rette gløden! 

Sondre Hegg - vokal/gitar                                                                      Sondre Dæmring Styve - kontrabass                                                     Eivind Dæmring Styve - trommer/ vokal