Program fredag 2. sept

RUNE WALLE OG GUNN ALSTADHAUG 
MED BAND 

Gamlekinoen kl. 19:00 

Rune Walle er ein legende innan countryrock og andre musikksjangrar med bakgrunn frå band som m.a Oriental Sunshine, Hole In The Wall, Saft, Flying Norwegians og Ozark Mountain Daredevils.

No har han og Gunn Alstadhaug gitt ut ei etterlengta og flott plate, Byrdie's Dream, med Stein Urheim som medprodusent. Dette er låtar Rune og Gunn har laga i løpet av fleire år, og plata er innspelt live i heimestudio, noko som gir ein nerve og ei fin konsertoppleving når ein høyrer på plata. Med seg har dei dyktige musikarar med lang erfaring frå ulike musikkmiljø i Bergen.

Gunn Alstadhaug: vokal,
Rune Walle: vokal, el-og akustistisk gitar, sitar, banjo, mandolin, dobro, orgel og munnspel
Sturle Andersen: gitar
Inge Glambæk: banjo
Atle Mjørlaug: bass
Ole Ludvig Krüger: trommer

SILVER LINING 

Gamlekinoen kl. 21:30 

Inspirert av Gillian Welch, Jayhawks og The Band består Silver Lining av fire talentfulle vokalistar og instrumentalistar, der tre også er låtskrivarar.

I 2018 debuterte dei med den lågmælte og melankolske Heart and Mind Alike, og meldarane sparte ikkje på skrytet: "Totalt sett så er Heart and Mind Alike intet mindre enn en imponerende maktdemonstrasjon på sin egen, lavmælte og luftige måte." skreiv nettstaden Dust Of Daylight, "Hadde disse folka bodd i Nashville eller Austin, hadde det nok vært Ryman Auditorium neste." slo Popklikk fast og Klassekampens meldar var minst like begeistra: "Smørmjuk harmonicountry av den nydelige eskapistiske sorten".
Oppfølgjaralbumet kom ut 13. mai og har fått tittelen Go Out Nowhere. På Den forvitnelege countryfestivalen stiller dei forsterka med bassist og trommeslagar.

Live Miranda Solberg - vokal og gitar Stine Andreassen - vokal og gitar Bjørnar Ekse Brandseth - vokal og gitar Halvor Falck Johansen - vokal og gitar Chris Holm - bass Kim Åge Furuhaug - trommer

Photo by Julia Naglestad

OLE KIRKENG MED BAND 

Gamlekinoen kl. 23:30 

Ole Kirkeng var eit namna som merka seg ut på Fjordingfestivalen i Halden 2022.

Han har utdanning frå Berklee College of Music i Boston, og i 2018/2019 spelte han i bandet til Grammy-nominerte Courtney Marie Andrews og turnerte med henne i Europa og USA.

Ole Kirkeng har ei stemme som kan minna om Gram Parsons, og gjennom tekstane viser han at han òg er eit låtskrivartalent.

Han fekk Spellemann i 2021 i klassen country for EP-en «Rocking Chair» som er utgitt på Die With Your Boots On Records.

Ole Kirkeng - vokal, gitar, piano                Sander Eriksen Nordahl - gitar, vokal       Øyvind Kløve Kjernlie - gitar                           Tor Egil Kreken - bass, vokal                      Torjus Nevland - trommer