Program Sundag 4. sept

Ivar Medaas - med jorda til bustad
- ein heidringskonsert ved Endre Olsen & Hestehandlarane

Gamlekinoen kl. 18:00 

Ivar Medaas var ein av dei mest folkekjære og jordnære artistane me har hatt, frå han slo igjennom med visa «Dar kjem dampen» ved byrjinga av 60-talet og fram til han døydde i 2005, berre 66 år gamal.

Medaas var frå Alversund i Nordhordland og hadde etter eit opphald i Oslo bakgrunn frå revyscena, før han vart kjend som visesongar og felespelar. Han vart svært populær med gruppa Vestlandsduoen, der opphaveleg duettpartnar Ellen Fredriksen snart vart erstatta av kona Kari etter dei gifta seg i 1962.

Duoen sine kjenslefulle songar på strilamål, med indarlege harmoniar og folkeleg humor tok landet med storm, og framover 60-talet var det sjeldan ein ynskjekonsert å høyra på radioen utan Ivar og Kari Medaas! Her var både sentimentalitet og einsemd i rikt monn, og når ein høyrer Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov sine duettar, er det ikkje vanskeleg å gje Olsen rett i at «Vestlandsduoen var den opphavelege nordicanaen!»

Frå 1960 og fram til 2000-talet gav Medaas ut minst 15 album. I tillegg til Vestlandsduoen, femna desse om fruktbare samarbeid med kjende namn som Geirr Tveitt, Dizzie Tunes, Øistein Sunde, Ove Thue og Herbjørn Sørebø.

Sjølv tonesette nok Medaas fleire songar enn han skreiv tekstar til, men han syntest lika nøgd med å arbeida med andre sine ord som sine eigne. Fleire av dei mest kjende songane hans er skrivne av andre, frå gjendiktingar av kjende amerikanske viser til originale tekstar av Jacob Sande. (Det er elles ikkje berre Herborg Kråkevik som har nytt godt av vossingen Johannes Gjerdåker sine gjendiktingar!)

Siste studioalbumet «Langs Fjorden» kom i 1995, og med det glimrande samlealbumet «Ivar Medaas-50 Beste» frå 2001 vart det sett eit verdig punktum for ei mangslungen og spanande platekarriere.

Når Medaas døydde i 2005, var det ikkje berre ein sær artist frå «Strilalandet» som la inn årene, men ein av dei største humoristane og mest kjenslevare visetolkarane landet vårt har sett, som takka for seg.

Endre Olsen & Hestehandlarane:

Ragnhild Kambo Grov & Endre Olsen (song), Jørgen Sandvik & Roald Kaldestad (div. strengeinstrument), Anders Bitustøyl (kontrabass).

MIGHTY MAGNOLIAS 

Gamlekinoen kl. 20:00 

Mighty Magnolias frå Os har på kort tid etablert seg som eit av dei mest spanande americanabanda me har. I 2018 gav dei ut sitt andre album «Unknown Skyline» som havna på Dagbladet si liste over årets 25 beste utgjevingar. Bandet brukte storparten av 2020 i studio, og sleppte i oktober same året sitt tredje album «Magnolianesque», som òg hausta strålande kritikkar! M.a. kåra musikkbloggen Dust of Daylight albumet til årets beste norske utgjeving og skildra det som «ei av dei beste americanaplatene som er laga her i landet!» 

Mighty Magnolias har allereie bygd seg opp ein trufast tilhengarskare og turnert klubbar og festivalar over heile landet. Kjennemerket til bandet er den klassiske gitarbaserte, melodiøse country-influerte rocken med utsøkte vokalharmoniar. 

Hausten 2021 sleppte dei første singelen «Savior In The Night» frå det komande fjerdealbumet med Ida Jenshus som gjesteartist, og heller ikkje denne gongen skorta det på lovorda frå musikkmeldarane. Velkjente Erik Valebrokk var både «imponert, bergtatt og lamslått» etter konserten på Oslo Americana Weekend!

Mighty Magnolias avsluttar festivalen for oss sundagen.  

Mighty Magnolias: 
Emil Andre Nordtveit - Vokal/ gitar                                                               Ine Tumyr - Vokal/ perk                                                                         William Rolland                                                                                            Erik Rolland                                                                                                        Idar Rolland